Tilbake
Skriv ut

Det andre teatret kjem!

Frå publikum kjem inn er skulerommet i endring. Det luktar annleis, skodespelarane heng opp scenografi og gjer klar kostymer. Elevane vert teke venleg imot, kanskje bedd om å koma med forslag til replikker som skal brukast seinare - eller dei får velja kva kostymer skodespelarane skal ha på. 

Etter ein kjapp introduksjon, opnar ein opp for at elevane skal bestemme kva som skal skje. Det er ope - og kva som helst vert teke imot og vidareutvikla. Ei 60 min forestilling er med det i gang! Både elevar og lærarar vert involverte i salen og på scenen. Kanskje vert det Ibsen? Dokketeater? Musikal? Tullete sketsjer? Improviserte sangar? 


«Det Andre Teatret kjem!» er ei interaktiv og engasjerande forestilling - der Det Andre Teatret kjem på besøk på skulen for å lage teater av det ungdom sjølv er oppteken av. 

Lærerveiledning

Besøket kan godt koma som ei overrasking: Kva med å seie at dei skal på foredrag?

Forestillinga skal vera eit lavterskeltilbod for å oppleve kunst og kultur. Gjennom ein synleg prosess og med valfrie verkemiddel, kan elevane få auka forståing og ei oppleving som kan gje eit nytt positivt null-punkt for andre kulturerfaringar.

Dette er ikkje ei forestilling der ein kan setja seg attende og kikke på mobilen i 60 min. Det skal vera lov å ikkje ynskje ein plass i rampeljoset, men skodespelarane vi kjempe for at ingen i rommet melder seg ut. Lærarar må forvente å verta dratt opp på scenene, og elevar vil verta skodespelarar. 

Gjennom forestillinga er det eit viktig poeng at menneska bak rollene er tilstades og synlege, med alt sitt engasjement, alle sine feil og sin eigen sårbarheit. Ungdommane får slik sjå at alle gjer feil og snublar, det er del av det å vera menneske, og dei får sjå korleis ein kan reise seg att. Og kanskje vert terskelen for å lage noko sjølv lågare etter dette besøket - det er iallfall målet!

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Det andre teatret
  • Produsent: Det Andre Teatret, Telemark fylkeskommune og Oppland fylkeskommune.

Om kunstner / utøver / gruppe

Det Andre Teatret som instutisjon lev etter prinsippet om at dersom publikum kjedar seg, så er det vår feil. Det tyder ikkje at alt skal vera morsomt, men at ein som engasjerte teaterskaparar må vera lydhøyr for publikummet, og ta inn kva som fengjer og ikkje. Dei ynskjer å lage teater som sprikar i form, uttrykk og stemning.