Tilbake
Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
Olav H. Hauge-senteret
Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
Skriv ut

Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus

Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus er ein produksjon der lyrikk blir utforska gjennom musikalsk ordtevling, rapbattling.

Opplegg:

Utøvararne byrjar med å fortelje elevane om skalden i Ulvik, Olav H. Hauge, og hans tvil på seg sjølv og på eiga dikting. Vidare går ferda til andre diktarar som òg har bala med tvil, men som likeins med Hauge har kome ut på den andre sida med eit sterkt og sjølvstendig uttrykk.

Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus munnar ut i ei frisk ordtevling mellom rapparane Per og Andre, ein såkalla rapbattle.


Om rapbattle og lyrikk:

I ein rapbattle er det eigne reglar som gjeld, ja, ein kan samanlikne det litt som å gå inn i ein boksering. I ringen stiller dei to seg lageleg til for hogg, og må tole mange verbale slag. Men dei får òg sjansen til å slå ifrå seg, og å hevde seg sjølve.

Ein Nordmann likar ikkje å vere våpenlaus dukkar inn i mangfaldet av kva lyrikk kan vere, og gjer han tilgjengeleg for målgruppa. Framsyninga viser elevane at kvar og ein kan finne noko frå sitt eige liv å skrive om, viss ein vågar å vere seg sjølv og skrive om det som står ein nærast.

Elevane får sjå korleis ein i rap og dikt kan blande fri improvisasjon med førebudd materiale, og korleis ein kan nytte rim, rytme og timing for å bygge opp ein tekst.

Ved å presentere lyrikk røffare og nærare røynda enn det elevane kanskje er vane med, vil framsyninga bidra til å fjerne eventuelle fordommar mot sjangeren. Vi ønsker å få dei til å tenke nytt om kva poesi og lyrikk kan vere, og gi dei lyst til å skrive sjølve.

___________________________________________________________________________________________________

Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus har vore svært populær i DKS Oppland, og er derfor på programmet for 3. år på rad.

Lærerveiledning

Last ned:
Hefte med tips for etterarbeid vert sendt til skulane

Førestillinga vil vera med på å nå fleire av kompetansemåla frå læreplanen i norsk i den vidaregåande skulen:  

  • Bruke norskfaglige kunnskaper og begreper i samtaler om tekst og språk.
  • Lese et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa, på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk, og reflektere over innhold, form og formål.
  • Skrive kreative tekster på hovedmål og sidemål med bruk av ulike språklige virkemidler.
  • Bruke ulike estetiske uttrykksformer i sammensatte tekster.
  • Gjøre rede for et bredt register av språklige virkemidler og forklare hvilken funksjon de har.
  • Tolke og vurdere sammenhengen mellom innhold, form og formål i sammensatte tekster.
  • Lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer.
  • Lytte til, systematisere og sammenfatte informasjon i muntlige tekster og reflektere over innholdet.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Jensen/Mydske
  • Produsent: Nynorsk Kultursentrum v/ Olav H. Hauge-senteret

Om kunstner / utøver / gruppe

Per Olav Hoff Mydske (f. 1979) er tekstforfattar, rapartist og har studert kveding ved Ole Bull-akademiet på Voss. Hoff Mydske er mest kjend under artistnamnet Skranglebein. Han har vore med i hiphop-gruppa Pen Jakke og delteke som gjesteartist på konsertar og plater med ein rekkje artister, m.a. Bugge Wesseltoft, Tungtvann, Valkyrien Allstars, Per Anders Buen, Brazz Brothers og Jason Moran. Han har tidligare arbeida med Hauge sine tekstar, gjennom samarbeidet med Valkyrien Allstars.

André Jarnvig Jensen (f. 1987) er rapartist, teikneserieskapar og utdanna master i kunstfag frå Kunsthøgskulen i Oslo. Han har òg årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning for kunst og design ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og er lektor i kunstfag. Jarnvig Jensen har vore med i gruppa Evig Poesi, og er aktiv i rapbattlemiljøa i Østfold og Oslo. Han er forfattar av teikneserien Krutt-Kim.  Han har vore med å gi ut boka Hip Hop America som er pensum i vidaregåande opplæring, og arbeider no som prosjektleiar på eit verk om norske hiphoptekstar.

Om produsenten: Nynorsk kultursentrum, avd. Olav H. Hauge-senteret har rolla som ansvarleg produsent. Hauge-senteret har tidligare produsert fleire andre produksjonar for Den Kulturelle Skulesekken. Hauge-senteret arbeider med formidling av lyrikk i alle former på tvers av språkgrenser, og ynskjer å auka bevisstgjeringa omkring lyrikk, språk og identitet.