Tilbake
Opplev opplesninger, forfattere som forteller
opplev illustratører som tegner til historiene
Alle får t-skjorter
Festivalstemning i Lillehammer by
Å tørre det skumleste
Lena bestemmer
Agent Elvin Griff
Bjørnen sover
Lek med Ulla
Snokeboka - Lisa Aisato
Skriv ut

Ein dag på festival

For fyrste gong i Den kulturelle skolesekken inviterer vi 1. trinn til ein heil dag på Norsk Litteraturfestival!

Norsk Litteraturfestival er Nordens største litteraturfestival, med 25.000 besøkjande og 400 forfattarar og artistar frå heile verda. I slutten av mai vert gatene i Lillehammer fylte av forfattarar og litteratur, og gjennom Pegasus-programmet (festivalen sitt eige tilbod til born og unge), vil elevane kunne oppleve møter med forfattarar, opplesingar, forestillingar og festivalmoro.

Praktisk informasjon:

Klassen vil få buss til og frå festivalen torsdag 23. mai 2019. Her vil elevane få festival-T-skjorter, og kunne delta på mange ulike arrangement, jfr. festivalprogrammet og etter ynskje/bestilling frå skulen.  Klassen vil også få servert lunsj ein triveleg stad i byen i løpet av dagen.

Velkome på festival!

Lærerveiledning

Programmet de kan ta del i: (NB! Påmelding frist 6. mars)


Agent Elvin Griff: https://www.litteraturfestival.no/shows/agent-elvin-griff-2/

Å tørre det skumleste: https://www.litteraturfestival.no/shows/a-torre-det-skumleste/

Snokeboka: https://www.litteraturfestival.no/shows/snokeboka/

Jeg er Lukas: https://www.litteraturfestival.no/shows/jeg-er-lukas/

Lena bestemmer: https://www.litteraturfestival.no/shows/lena-bestemmer-2/

leik med Ulla: https://www.litteraturfestival.no/shows/lek-med-ulla/

Bjørnen sover: https://www.litteraturfestival.no/shows/bjornen-sover/


Om de har behov for å ha med fleire vaksne denne dagen (foreldre e.l), så tilbyr vi også sitteplass i bussen, samt lunsj for desse også.

Produksjonane i DKS skal vera til for alle elevar. Dersom de har behov for tilpassing for å kunne inkludere alle, ta kontakt med turnéleggjar Jofrid Sørskog: jofrid.sorskog@oppland.org

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Norsk Litteraturfestival