Tilbake
Klimapark 2469
Klimapark 2469
Skriv ut

Klimapark 2469

Klimapark 2469 - kulturarv og historie

Breane i verda trekkar seg tilbake og smeltar, det veit vi. At ein kan skylde menneske for ei rekke klimaendringar veit vi også. Kulturarv er arven etter menneska sitt levesett og virke – og ein kan slik seie at menneskeskapte klimaendringar er ein kulturarv med bismak. Eit besøk til Klimapark 2469 famnar slik fleire aspektar av vår kulturarv og historie. Her vil  elevane lære klimahistorie, jakt og fangsthistorie, arkeologi, geologi og biologi i høgfjellet. Dei vil sjå samanhengen mellom natur og kultur og slik forstå tidlige busetjingsmønster. Kvifor jakta ein til dømes villrein akkurat her, kva for ei rolle spelte Galdhøpiggområdet for folk før, og kva betyr det no?

Brearkeologi

Klimapark 2469 er eit utandørs opplevingsområde 1850 meter over havet. Tanken om ein klimapark kom etter at fleire spennande arkeologiske funn smelta ut av isfonner, og særleg det siste tiåret. Brearkeologi har etter kvart utvikla seg til å bli eit nytt fagfelt innafor arkeologien, eit felt som ligg i kryssingspunktet mellom mange fag. Geologi, glasiologi, klimahistorie, biologi, meteorologi med meir, er essensiell kunnskap som ein må forstå saman med historie og arkeologi.

Noregs eldste is

Sjølve turen startar frå Juvasshytta like ved Galdhøpiggen og går over den kilometerlange turen langs gangbana over Juvflye. Her er det tilrettelagt med gangbane, steintrapp/stig og informasjonspunkt. Hovudattraksjonen er ein istunnel som er hogd ut for hand i Juvfonne. Her inne kan elevane gå heilt inn til botn av fonna, inn til Noregs eldste is, som er over 7000 år gammal. Tunnelen er forma med gangar og ulike rom og det er laga kinosal med 40 sitteplassar. Kunstnaren Peder Istad har vore hovudarkitekt og stått for utforming og lyssetting.

Forskarnettverk om klimaendringar

Klimaparken er på mange måtar laga som ein plattform for fagleg samarbeid, og ikkje minst som ein formidlingskanal ut. Eit forskarnettverk som er bygd opp saman med dei fremste institusjonane innan relevant forsking, sikrar fagleg kompetanse. Det har og ført til fleire forskingsprosjekt med tverrfagleg samarbeid. Klimapark 2469 jobbar som pådrivar, legg til rette for aktivitet, og bidreg med informasjon og data. Det blir arbeida for å etablere eit nasjonalt overvakingsprogram for klimaendringar i Galdhøpiggområdet og for at Klimapark 2469 skal bli overvakingsprogrammet sitt vindauge ut mot publikum.

Lærerveiledning

Praktisk informasjon

Kledning/utstyr:

Elevane skal være ute 4 timar inkludert matpause. Turen er ikkje veldig lang, men det er mange stopp underveis, og vinden kan ta godt oppe på Juvflye. Inne i istunellen er det minusgrader.

Elevane må derfor kle seg skikkelig! Alle elevane SKAL ha med:

- Eigen sekk

- Mat og nok drikke for heile dagen!

- skikkelege sko til bruk i terrenget

- Ullundertøy og ullsokkar PÅ kroppen!

- ein ekstra genser i sekken

- yttertøy eigna for vind og regn

- lue og hanskar

Om dykk har spørsmål innan besøket- ta gjerne direkte kontakt med Klimaparken 2469.


Skolen bestiller selv buss til Klimapark 2469. faktura sendes via EHF til Opland fylkeskommune . Organisasjonsnummer er: 961 382 335. Merk faktura med Kulturenheten, Klimaparken. 

Læreplanmål

Faglege Kjerneelement

Norsk:

  • Munnleg kommunikasjon

KRLE:

  • Etisk refleksjon

Naturfag:

  • Energi og materie
  • Jorda og livet på jorda

Samfunnskunnskap:

  • Medborgarskap og berekraftig utvikling

Historie:

  • Menneske og samfunn i fortid, nåtid og framtid

Kunst og handverk

  • Kulturforståing

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Klimapark 2469 AS

Om kunstner / utøver / gruppe