Tilbake
Kred. Ellen Lande Gossner
Kred. Ellen Lande Gossner
Skriv ut

Jakob - vegen heim er lang

Vi møter Jakob som lurte bror sin, rømde landet, levde i eksil i fleire tiår, og som fyrst i vaksen alder klarte å koma seg heim att. Forteljinga er eldgamal, men gjenkjennbar. Korleis er det å leve med ei løgn? Korleis er det å leve langt frå alle ein er glad i? Korleis er det å endeleg få koma heim, etter eit liv på flukt? 

I eit enkelt og bilderikt språl gjev forteljar Helga Samset liv til Jakob si dramatiske reise. Med seg har ho musiker Jonas Kilmork Vemøy, som fargelegg historia med trompet.

Forestillinga vert primært spelt i kyrkjer, moskeer eller synagoger rundt om i fylket.

Lærerveiledning

Jakob / يعقوب / Ya'qub / Ἰακώβ/ Iakōb

Jakob tyder «den som held i hælen», eit namn som fylgjer av at han kom som tvilling nr. 2 ut av mor sin mage, haldande i bror sin Esau, sin hæl. Teksta om Jakob er for mange kjend frå Bibelen, men Jakob og historia om han er også å finne i Koranen og Talmud.

I den jødiske Talmud er Jakob rekna som den tredje og siste patriark, og stridane Jakob hadde i livet har i denne tradisjonen vorte tolka som eit symbol på vanskane og stridane det jødiske folk skulle gjennomgå i seinare tid.

I Koranen er Jakob rekna som ein av profetane, velsigna av Gud, og han er nemnd 16 gonger. Livet til Jakob vert også anerkjend gjennom fleire parallellar til Muhammed sitt liv. I Bibelen står det skrive at Jakob bedrog far sin for å få velsigning, og på dette punktet skil den kristne og den islamske versjonen seg frå kvarandre. I fylgje Islam vil ikkje Jakob ha behov for å bedra far sin, ettersom faren må ha visst om at Jakob var velsigna av Gud og med det spesiell.   

I østleg ortodoks kristendom er Jakob ein helgen som gjennom draumen i historia gav ein profeti om Jesus som skulle koma, og han vert ofte avbilda med ein stige. Denne stigen er symbol for Jomfru Maria, som i denne tradisjonen vert sett som den som samla himmelen og jorda, gjennom Jesu’ fødsel.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Helga Samset / Jonas Kilmork Vemøy

Om kunstner / utøver / gruppe

Helga Samset er en av Norges mest erfarne fortellere. Hun har turnert i Den kulturelle skolesekken siden 1999, i ulike konstellasjoner og over hele landet. Folkeeventyr, eget materiale og bibelsk stoff er hennes fokus. Hun har utgitt tre bøker og er en yndet veileder.

Jonas Kilmork Vemøy er trompetist, utdannet ved jazzavdelingen på Norges musikkhøgskole. Han har allerede rukket å medvirke på mer enn tjue plateutgivelser. Hovedprosjektet de siste årene har vært det anerkjente indiejazz-bandet Pixel med sangeren Ellen Andrea Wang. 

Manus: Helga Samset

Musikk: Jonas Kilmork Vemøy

Dramaturg: Ragnhild Mærli

Veiledning: Tekst, musikk og regi: Turneorganisasjonen i Hedmark ved Widar Aspeli og Johannes Skyberg. 

Vi fikk et øye utenfra av Indra Lorentzen, koreograf, og Kjersti Haugen, regissør.

Forestillingen er støttet av: Kirkerådet, Bibelselskapet, Spenn.no og Norsk forfattersentrum.