Tilbake
Agnete Brun
Arild Jakobsen / Laila Mjøs
Billy Glad
Skriv ut

Nesten menneske. Biografien om Julius

Sjimpansen Julius fekk ein vond start på livet. Avvist av mora og med ein valdeleg far måtte han flytte inn hos to menneskefamiliar. Gjennom TV vart Julius ein norsk A-kjendis på 80- og 90-talet. Men han sleit med å finne plassen sin i flokken. I dag lever Julius som alfasjimpanse og tobarnsfar. Han er framleis Noregs mest kjende dyr.

Som fyrste dyr i Noreg fekk Julius sin eigen biografi. Ved hjelp av internasjonal sjimpanseforsking prøver Fidjestøl å finne ut kva som går føre seg i hovudet på ein sjimpanse som Julius. Det har vorte ei fascinerande og tankevekkjande historie, om det evige spelet om status og makt, om kjærleikslengt og sex, om einsemd, død og sorg.

Gjennom forteljinga om livet til Julius får vi eit unikt innblikk i kva det vil seie å vere nesten menneske.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Alfred Fidjestøl

Om kunstner / utøver / gruppe

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gjeve ut kritikarroste biografiar og historieverk om menneske og kulturinstitusjonar. I 2014 vart Fidjestøl den fyrste sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris.

Fidjestøl er journalist, filosof, biograf og sakprosaforfattar. Han er utdanna cand. philol. med filosofi som hovedfag frå Universitetet i Oslo.

Han har skrive historieverk om Det norske teatret og Norsk kulturråd, og biografi om Per Sivle samt om kretsen rundt Arne og Hulda Garborg.