Tilbake
Barnebokbad. Kred. Norsk Litteraturfestival
Far din. Kred. Gyldendal
Vilde Kamfjord. Kred. Julie Pike
Bjørn Ingvaldsen. Kred. Ingeborg Dirdal
Pål Brekke Indregard. Kred. Geir Dokken
Skriv ut

Barnebokbad 2.0

Velkome til deltaking i eit vel utprøvd eksperiment! Barnebokbad har vorte gjennomførte med hell i mange byar og fylker rundt om i landet, og for andre gong er det no Den kulturelle skolesekken i Oppland med 7. trinn i Midt-Gudbrandsdalen sin tur! 

Produksjonen byrjar med at elevane får høyre heile boka Far din av Bjørn Ingvaldsen lest høgt av lærar.

Deretter kjem ein samtaleleiar til skulen, og gjennom tre filosofiske samtaler får elevane arbeidd med boka utfrå ulike tema, og dei får utvikla spørsmål dei ynskjer å stille forfattaren.

Til slutt møter klassen forfattaren av boka til eit barnebokbad på biblioteket, der eit utval av elevane intervjuar forfattaren.


DETALJER KRING GJENNOMFØRINGA:

Forarbeid: Før samtale 1 må elevane ha fått høyrd heile boka Far din lest høgt av lærer eller på lydbok (da er det viktig at læreren lytter sammen med elevene). Boka vert tilsendt skulen på slutten av året 2019. 

NB! Det er særs viktig at dette forarbeidet vert gjort, og gjort som skildra over. På denne måten får alle elevane, uansett leseferdigheiter, likt utgangspunkt for deltaking i opplegget som fylgjer. På same måte vil opplegget gjeva lite att for elevane dersom dei kun har høyrd opplest halve boka. Så sørg for å vera ferdige med boka før samtale 1.

Samtale 1, 2 og 3: Samtaleleiaren kjem til skulen og har tre samtaler med elevane, kvar på 60 minutt.

Barnebokbad: Forfattaren Bjørn Ingvaldsen, samtaleleiaren og klassen med lærar deltek i Barnebokbad på folkebiblioteket i kommunen, der elevane på eige hand intervjuer forfattaren av boka.

Sjå film - link i menyen til høgre - for døme på korleis eit barnebokbad kan sjå ut.​​​​​​​

Lærerveiledning

Tilrettelegging for elevar som strever med å lese

Den viktigaste tilretteleggjinga i denne produksjonen ligg i at læraren les boka høgt for elevane i fellesskap. Dette gjev alle elevane eit likt utgangspunkt for deltaking i samtalene og på barnebokbadet. Det finst lydbok-versjon av boka tilgjengeleg for elevar som slit med å lese (sjå link i høgre marg). Dersom de vel å høyre boka på lydbok er det viktig at læraren er tilstades og høyrer saman med elevane. 

_______________________________________________________________________________________________________________

Produksjonane i DKS skal vera til for alle elevar. Dersom de har behov for tilpasningar for å kunne inkludere alle, ta kontakt med turnéleggjar Jofrid Sørskog: jofrid.sorskog@innlandetfylke.no

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Bjørn Ingvaldsen og Pål Brekke Indregard / Vilde Kamfjord
  • Produsent: Barnebokbad er utvikla av Vilde Kamfjord og Pål Brekke Indregard. Produsert for Den kulturelle skolesekken av Kamfjord/Indregård og Oppland fylkeskommune. 

Om kunstner / utøver / gruppe

Bjørn Ingvaldsen er en anerkjent norsk forfatter bosatt i Sandnes. Boka hans Far din er nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris og Bokslukerprisen i 2017. 

Vilde Kamfjord har jobbet som produsent for litteratur i DKS i mange år. Hun har også jobbet som formidler av flere kunstuttrykk i DKS, og skrev kapitlet om formidling i DKS i boken Les meg. Håndbok i litteraturformidling (Ena forlag, 2016). Hun står også bak utvikling av flere metoder for litteraturformidling, blant annet Barnebokbad.

Pål Brekke Indregard er utdannet pedagog og har jobbet med filosofiske samtaler med barn og unge i mange år. Han har god erfaring med formidling for barn og unge i alle former og av flere kunstuttrykk. Er medforfatter av boken Les meg. Håndbok i litteraturformidling (Ena, 2016). Han har vært med å utvikle metoden bak Barnebokbad sammen med Vilde Kamfjord.