Tilbake
Kred.: Marius Knutsen
Gyldendal
Gyldendal
Skriv ut

Engel i snøen

Anders Totland er ein ungdomsforfattar som i fleire av bøkene sine tek opp alvorlege tema som sjukdom, død og overgrep. Når Anders kjem på besøk vil han fyrst lese boka Engel i snøen frå start til slutt, kombinert med at han spel eigenkomponert musikk på piano til. I denne delen av besøket får elevane kopla heilt ut og kan berre lytte i 40 min, noko som kan vera ei kjærkommen pause i ein elles travel kvardag.

Deretter vil han prate om korleis han jobbar med tunge tema, utan å sjølv ha opplevd det han skriv om, og om korleis ein kan byggja opp ei historie sjølv. Økta er ei god blanding mellom alvor og humor.  

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Anders Totland

Om kunstner / utøver / gruppe

Anders Totland (1986) er kokk, organist, journalist og forfattar. Han debuterte i 2015 med Vampyrane i Eplehagen, og i 2016 kom boka Engel i snøen, som vart godt motteke av anmeldarane og vann Nynorsk barnebokpris.  i 2017 kom Så lenge ingen ser oss. Både Engel i snøen og Så lenge ingen ser oss er omsett til dansk.

På fritida kokar han kaffe i skogen og fortel skrøner til ungane.