Tilbake
Johannes Selvaag
Johannes Selvaag
Rune Ottarsen
Rune Ottarsen
Skriv ut

Danse, sa fela

«Danse, sa fela!» er ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike, med friske hallingspark og saftig felespel.

Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergtaken i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og listige krumspring prøvar ho fri seg frå sjølvaste Bergakongen.

"Danse sa fela!" er bygd opp som eit eventyr, men er likevel ei moderne framsyning med tidlause referansar. Musikken og bevegelsesmaterialet er henta frå folkemusikk og folkedans, og publikum vil gjennom forestillinga bli inkludert i denne verda.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Nina Fjeldet/Silje Onstad Hålien

Om kunstner / utøver / gruppe

Silje Onstad Hålien frå Vang i Valdres er dansar, utdanna frå Den Norske Ballethøyskole og Dance New Amsterdam i New York. Ho har vore sentral i utviklinga av det sceniske feltet innan folkedans, både med eigne forestillingar og i rolletolkningar på Det Norske Teatret, Västanå teater og Riksteatret. Ho vart utnevnt til Årets Folkemusiker i 2015, og i 2011 vart ho som fyrste kvinne i Norge kvalifisert til eliteklassa i hallingdans.

Nina Fjeldet er felespelar frå Gausdal, utdanna frå Ole Bull Akademiet og Høgskulen i Telemark. Ho speler i eliteklassa på landskappleiken, og har hatt med seg fela på reise ut i fleire verdenshjørner for å formidle og lære musikk. Ho har vore mykje brukt som kurshaldar og formidlar, og elsker å spele til dans. Dei siste åra har ho arbeida som produsent inna folkemusikk- og folkedans, og er til dagleg leiar for festivalen Kalottspel.