Tilbake
Anders Totland / Instagram
Kred. Marius Knutsen
Skriv ut

Engel i snøen

Når Anders Totland kjem på besøk til skulen, les han høgt heile boka Engel i snøen, medan han spel eigenkomponert musikk på piano til. I dette besøket får elevane kopla heilt ut og kan berre lytte i 60 min, noko som kan vera ei kjærkommen pause i ein elles travel kvardag.

Anders Totland tek i fleire av bøkene sine opp alvorlege tema som sjukdom, død og overgrep. Boka Engel i snøen handlar om venskap og det å miste nokon ein er glad i. Anders sjølv er ein sprudlande, lettbeint forfattar, og besøket vert ei god blanding mellom det lette og det alvorlege.

Framsyninga kan spelast i klasserom, i auditorium eller kultursal (ikkje gymsal), for opptil 300 elevar, så lengje det er eit piano tilgjengeleg.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Anders Totland

Om kunstner / utøver / gruppe

Anders Totland (1986) er kokk, organist, journalist og forfattar. Han debuterte i 2015 med Vampyrane i Eplehagen, og i 2016 kom boka Engel i snøen, som vart godt motteke av anmeldarane og vann Nynorsk barnebokpris.  i 2017 kom Så lenge ingen ser oss.

Hausten 2019 kjem han mellom anna med ein roman for voksne. Både Engel i snøen og Så lenge ingen ser oss er omsett til dansk.

På fritida kokar han kaffe i skogen og fortel skrøner til ungane.