Tilbake
Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
Olav H. Hauge-senteret
Olav H. Hauge-senteret/Ingvil Skeie Ljones
Skriv ut

Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus

Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus er eit program for ungdomskule og vidaregåande trinn der lyrikk blir utforska gjennom musikalsk ordtevling, kalla rapbattling.

Utøvararne Per Hoff Mydske og Andre Jarnvig Jensen byrjar med å fortelje elevane om skalden i Ulvik, Olav H. Hauge, og hans tvil på seg sjølv og på eiga dikting. Vidare går ferda til andre diktarar som òg har bala med tvil, men som likeins med Hauge har kome ut på den andre sida med eit sterkt og sjølvstendig uttrykk.

Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus munnar ut i ei frisk ordtevling mellom rapparane Per og Andre, ein såkalla rapbattle. I ein rapbattle er det eigne reglar som gjeld, ja, ein kan samanlikne det litt som å gå inn i ein boksering. I ringen stiller dei to seg lageleg til for hogg, og må tole mange verbale slag. Men dei får òg sjansen til å slå ifrå seg, og å hevde seg sjølve.

Ein Nordmann likar ikkje å vere våpenlaus dukkar inn i mangfaldet av kva lyrikk kan vere, og gjer han tilgjengeleg for målgruppa. Framsyninga viser elevane at kvar og ein kan finne noko frå sitt eige liv å skrive om, viss ein vågar å vere seg sjølv og skrive om det som står ein nærast.

Elevane får sjå korleis ein i rap og dikt kan blande fri improvisasjon med førebudd materiale, og korleis ein kan nytte rim, rytme og timing for å bygge opp ein tekst.

Ved å presentere lyrikk røffare og nærare røynda enn det elevane kanskje er vane med, vil framsyninga bidra til å fjerne eventuelle fordommar mot sjangeren. Vi ønsker å få dei til å tenke nytt om kva poesi og lyrikk kan vere, og gi dei lyst til å skrive sjølve.

Tilbakemeldingar frå skular som har hatt besøk av Ein nordmann likar ikkje å vere våpenlaus fortel om elevar som kastar seg over penn og papir for å skrive tekstar som dei seinare battlar over i skulegarden.

Lærerveiledning

Last ned:
Hefte med tips for etterarbeid vert sendt til skulane.

Førestillinga vil vera med på å nå fleire av kompetansemåla frå læreplanen i norsk i den vidaregåande skulen:  

  • Bruke norskfaglige kunnskaper og begreper i samtaler om tekst og språk.
  • Lese et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa, på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk, og reflektere over innhold, form og formål.
  • Skrive kreative tekster på hovedmål og sidemål med bruk av ulike språklige virkemidler.
  • Bruke ulike estetiske uttrykksformer i sammensatte tekster.
  • Gjøre rede for et bredt register av språklige virkemidler og forklare hvilken funksjon de har.
  • Tolke og vurdere sammenhengen mellom innhold, form og formål i sammensatte tekster.
  • Lese og analysere tekster på bokmål og nynorsk i ulike sjangere og ta stilling til spørsmål tekstene tar opp, og verdier de representerer.
  • Lytte til, systematisere og sammenfatte informasjon i muntlige tekster og reflektere over innholdet.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: DKS Oppland, Oppland fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Olav H. Hauge-senteret
  • Produsent: Nynorsk Kultursentrum v/ Olav H. Hauge-senteret

Om kunstner / utøver / gruppe

Per Olav Hoff Mydske (f. 1979) er tekstforfattar, rapartist og studerar kveding ved Ole Bull-akademiet på Voss. Hoff Mydske er mest kjend under artistnamnet Skranglebein. Han har vore med i hiphop-gruppa Pen Jakke og delteke som gjesteartist på konsertar og plater med ein rekkje artister, m.a. Bugge Wesseltoft, Tungtvann, Valkyrien Allstars, Per Anders Buen, Brazz Brothers og Jason Moran. Hoff Mydske har òg vore med på å vidareføra og gjenskapa folkemusikktradisjonen i Østfold, gjennom eit samarbeidsprosjekt i regi av Østfold musikkråd.. På Landskappleiken i 2015 deltok han med folkemusikkrap, som vidarefører både hiphoptradisjonen og den folkelege vokalmusikken, kvedinga. Hoff Mydske har vore sentral i å etablera eit miljø for rap-battles i Noreg, og har i 2015 vore med på prosjektet «Stor Overraskelse», som har utvikla teatersport (improvisasjonsteater) i hiphop-drakt. Han har tidligare arbeida med Hauge sine tekstar, gjennom samarbeidet med Valkyrien Allstars.

Hoff Mydske har gjort fleire produksjonar i Den Kulturelle Skulesekken: «Stor Overraskelse» (hiphopteatersport), «Hvordan finne bøker på nye måter og få tid til å lese dem» (føredrag/ konsert), skrivekurs i lyrikk/ hiphop og ein rekkje skulekonsertaer. Han har turnert med «Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus» i Oppland og i Hordaland.

 

André Jarnvig Jensen (f. 1987) er rapartist, teikneserieskapar og utdanna master i kunstfag frå Kunsthøgskulen i Oslo. Han har òg årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning for kunst og design ved Høgskolen i Oslo og Akershus, og er lektor i kunstfag. Jarnvig Jensen har vore med i gruppa Evig Poesi, og er aktiv i rapbattlemiljøa i Østfold og Oslo. Han er forfattar av teikneserien Krutt-Kim.  Han har vore med å gi ut boka Hip Hop America som er pensum i vidaregåande opplæring, og arbeider no som prosjektleiar på eit verk om norske hiphoptekstar.

Jarnvig Jensen har tidligare gjort fleire produksjonar i regi av Den Kulturelle Skulesekken, m.a. skulekonsertar og grafitti-/ streetart-kurs, han har hatt eigne produksjonar for barnevernet, og har halde rapkurs i ungdomsskulen. Han har òg undervist i kunst og handverk og vore timelærar i street-art. Jarnvig Jensen har skrive masteroppgåve om rap-battles. Som rapbattlar har han over 350 000 visningar på Youtube og VGTV. Jarnvig Jensen har turnert med «Ein nordmann likar ikkje å vera våpenlaus» i Oppland og Hordaland.

Ved stor pågang vil Nynorsk kunne engasjera fleire utøvarar til å turnera med førestillinga.

 

Om produsenten:

Nynorsk kultursentrum, avd. Olav H. Hauge-senteret har rolla som ansvarleg produsent. Hauge-senteret har tidligare produsert Tenk om eg var ein tanke, som har turnert for Den Kulturelle Skulesekken i Hordaland. Nynorsk kultursentrum har mange år bak seg som produsent for Den Kulturelle Skulesekken, med anna har Snakk om språk turnert i fleire fylke over lengre tid.

Hauge-senteret arbeider med formidling av lyrikk i alle former på tvers av språkgrenser, og ynskjer å auka bevisstgjeringa omkring lyrikk, språk og identitet.

Nynorsk kultursentrum vart kåra til Årets museum 2015 på Nordisk museumsmøte på Hamar 9. september 2015.